Utskriftsvennlig versjon: Ingen skilnad med ny fosterhjemsavtale

Ingen skilnad med ny fosterhjemsavtale

Å ta på seg eit kommunalt fosterheimsoppdrag er ein økonomisk og menneskeleg risikosport. Mange fosterforeldre forventa at den nye avtalen skulle betre den rettslege stillinga for fosterforeldre i kommunale oppdrag. Dessverre er avtalen berre ei redigering av den gamle.

Det er framleis umogeleg for meg, som kommunal fostermor, å råde andre til å ta på seg kommunale fosterheimsoppdrag.
Å ta på seg eit fosterheimsoppdrag frå kommunen er eit risikoprosjekt der ein spelar høgt, med sin eigen familie som innsats. Tryggleiken for eiga helse, noverande og framtidig familieøkonomi, framtidig pensjonsinntekt og eventuelle uføreytingar, heng i ein tynn tråd. Om ulukka skulle vere ute, om oppdraget brått skulle bli avslutta eller endra, om sjukdom eller arbeidsløyse råkar, risikerer ein å stå på bar bakke; økonomisk, sosialt og menneskeleg. Før vilkåra vert like trygge for kommunale som for statlege familieheimar, er det umogeleg for meg å råde andre til å bli fosterforeldre.

Etter å ha gått igjennom den nye kommunale fosterheimsavtalen, innser eg at kommunale fosterheimar framleis tilhøyrer ein norsk pariakaste, der dei viktigaste lovene og reglane, som er sjølvsagte elles i arbeidslivet, ikkje gjeld.

Grov utnytting av gode, menneskelege eigenskapar

Dersom ein i dag skal få i stand ein kommunal kontrakt som held mål, og som gir trygge nok rammer for fosterheimsoppdraget, må ein vere knallhard i forhandlingane med kommunen sine representantar. Og det er det slett ikkje alle som er. Blivande fosterforeldre er tvert om idealistiske og ansvarsfulle menneske, med tiltru til at barnevernet held sine lovnader og sørgjer for gode vilkår og nødvendig støtte for fosterbarnet og fosterfamilien. Dette er gode menneskelege eigenskapar, som vert utnytta på det grovaste av norske kommunar.

Nye statlege standardkontraktar

Om ein ser nærare på dei seinaste uttalane frå barneministeren vår, Audun Lysbakken, manglar det ikkje på varm omtale av fosterheimar: ”Styrking av fosterhjemstilbudet er en prioritert oppgave for regjeringen.”, seier han. Og: ”Fosterhjem er et av de viktigste tiltakene vi har i barnevernet”.

Lysbakken er tydeleg stolt over dei nye standardkontraktane for statlege beredskaps- og familieheimar. Og det har han grunn til, for som han sjølv seier: ”(..)etter at de nye kontraktene blir satt i verk – kommer (de statlige…) til å få mye bedre sosiale rettigheter, f.eks. sykepenger fra dag én, pensjon og økt vern mot oppsigelse.

Kommunale fosterheimar for tur?

Kommunale fosterforeldre har jubla med. Dei nye standardkontraktane har sikra statlege beredskaps- og familieheimar nokre svært grunnleggande rettar, som vi i elles er stolte over at norske arbeidstakarar har. No har altså ein del slike arbeidstakarrettar kome oppdragstakarar i barnevernet til gode. Vi som har kommunale avtalar har sett fram til at turen skulle kome til oss.

Vi hadde grunn til å gle oss, etter at Lysbakken i mai 2010 uttalte følgjande: ” Ferie- og pensjonsordninger er på plass i de statlige fosterhjemmene. Nå står kommunale fosterhjem for tur”.

Dessverre har ingenting av dette kome inn i den nye avtalen.

Ingenting er på plass

Målet med den nye kommunale avtalen som vart send ut til kommunane 24.januar 2011 skulle i følgje departementet vere: ”å gjøre det enklere å være fosterforeldre.” Dessverre er den nye avtalen ikkje meir enn ein reproduksjon og ei viss redigering av den gamle. Korleis dette skulle gjere det enklare å vere fosterforeldre er uforståeleg for meg.

Slik er rettane til kommunale fosterforeldre etter den nye avtalen. Eg har plukka ut nokre sentrale punkt:

Arbeidsgodtgjering: Fast godtgjering: Kr 76.440,- pr år. Arbeidsgodtgjering utover dette (kalla forsterking) er det opp til partane å avtale. Dette inneber at fosterforeldra må forhandle om vilkår for eit barn dei ikkje kjenner. Det er opp til oppdragsgivar, som også ynskjer økonomisk gunstige løysingar, å presentere kor krevjande oppdraget vil vere. Det er ingen reglar som seier at ein skal auke godtgjeringa dersom store vanskar og belastningar vert avdekka etter plassering. Dette fører også til ei omfattande ulikebehandling ikkje berre mellom kommunale og statlege fosterforeldre, men mellom ulike kommunale

(statlege kontraktar sikrar minimum arbeidsgodtgjering på 285.000 per år. Godtgjerdsle ut over dette kan avtalast).

Utgiftsdekning: Mellom 4.478,- og 6.611,- per månad. I tillegg kjem barnetrygd. Nødvendige dokumenterte ekstrautgifter skal dekkast av oppdragsgivar

(statlege familieheimar: 7.200,-. Dersom heimen har høgare faktiske utgifter skal beløpet justerast).

Tenestepensjon: Ingen rettar. Fosterforeldre risikerer altså framleis å tape store summar i framtidig alderspensjon, uførepensjon og AFP.

(rett til tenestepensjon er på plass i statlege kontraktar).

Yrkesskadeforsikring: Ingen rettar. Dette inneber at skadar som skjer i oppdraget som fosterforeldre ikkje utløyser yrkesskadeerstatning. Dette gjeld både om ein t.d. skulle bli utsett for trafikkskade på veg til eit møte med barnevernet, eller om fosterbarnet skulle utagere og kome til å skade ein av fosterforeldra. I følgje ein av mine kjenningar i BUP-systemet er det svært mange fosterforeldre som blir utsette for vald og truslar om vald

(statlege kontraktar sikrar refusjon for faktiske utgifter til frivillig yrkesskadeforsikring)

Sjukepengar frå 1. dag: Ingen rettar. Dette gjeld sjølv om tilhøve knytt til fosterheimsoppdraget er årsaka til sjukdomen

(Sjukepengar frå NAV frå 17.dag). (Sjukepengar frå 1. dag er på plass i statlege kontraktar.)

Stillingsvern: Ingen rettar. Dette inneber til dømes at fosterheimsavtalar kan seiast opp midt i ein avtaleperiode. Dersom fosterforeldre har sagt frå seg tidlegare arbeid for å bli fosterforeldre, står ein i realiteten att utan arbeidsinntekt. Fosterforeldre har heller ikkje rett til permisjon frå sitt tidlegare arbeid i meir enn 2 år, og vil miste retten til tidlegare stilling dersom oppdraget krevjer at ein av foreldra er heime ut over to år (statlege kontraktar sikrar eit visst stillingsvern, oppseiingar må vere saklege, avtalane har ei varigheit på 5 år og blir deretter evt. fornya. Dersom barnet vert flytta midt i ein avtaleperiode vil familieheimen likevel motta lønn fram til eit nytt barn er plassert i heimen.)

Kurs/rettleiing: Dette er opp til oppdragskommunen å vurdere frå sak til sak. I realiteten har ein ingen klare rettar, og i realiteten vil barnevernet la seg styre av økonomiske og ikkje barnevernfaglege omsyn

(statlege kontraktar sikrar, i tillegg til individuelle tilbod, retten til grunnopplæring samt kurs, opplæring og rettleiing på linje med tilsette i Bufetat).

Fri: Ingen rettar

(statlege kontraktar sikrar retten til frihelgar og betalte friperiodar under og etter plassering. Kontraktane sikrar at slike friperiodar ikkje vert tekne ut dersom det er uheldig for barnet).

Feriepengar: Ingen rettar.

(statlege kontraktar sikrar eit tillegg på 2,3% i juni månad, i tillegg til den opptente arbeidsgodtgjerdsla).

Dagpengar: Redusert rett til dagpengar for den av fosterforeldra som er i anna arbeid og blir arbeidsledig, sjølv om utbetalingane frå barnevernet går til den andre av fosterforeldra

(statlege familieheimar har ingen slike vilkår for arbeidsløysetrygd).

Meir krevjande for dei statlege?

«De statlige fosterhjemmene tar i mot barn med krevende tilleggsutfordringer.» I utgreiinga Lysbakken heldt for Stortinget 19.november 2010 har dette brått vorte ei slags forklaring på kvifor dei statlege har andre vilkår enn dei kommunale fosterheimane. «Det er nødvendig å kompensere disse ekstra.».

Eg kjenner mange statlege beredskaps- og fosterforeldre og veit at utfordringane dei møter er store og tilleggsvanskane til barna er krevjande.

Eg kjenner likevel nok kommunale fosterforeldre til å vite, at ein stor del av dei kommunale heimane slit med akkurat dei same utfordringane. Skilnadane mellom statlege og kommunale plasseringar har mindre og mindre å gjere med kor store vanskar barna slit med. Skilnadane kjem i staden til syne i dei enormt ulike vilkåra fosterheimane får for å utføre oppdraga sine.

Vilkårlege plasseringar

Dagens fosterbarn har i stor grad det statsråden kallar «tilleggsutfordringar». Dagens fosterbarn har teke skade, dei treng ekstraordinær oppfølging, dei treng hjelp og dei treng behandling. Det er ikkje slik at barn med krevjande tilleggsutfordringar automatisk kjem til statlege familieheimar. Til det har vi for få familieheimar.

Truleg kjem det store fleirtalet av desse hardast råka barna til heilt ordinære kommunale fosterheimar. Statsråden veit dette. Det kommunale barnevernet rundt om i landet veit det, Bufetat veit det. Dei veit samstundes at dette er økonomisk svært gunstige tiltak for samfunnet.

Urettferdig

Ein må slutte å utnytte idealismen og ansvarskjensla til dei kommunale fosterforeldra. Ein må slutte å utnytte den kjenslemessige tilknytninga desse foreldra får til fosterbarna, som hindrar dei i å avslutte oppdrag med elendige vilkår. Det er rett og slett uhaldbart at private heimar skal tape økonomi, trygderettar og sosiale rettar for å utføre ei oppgåve det faktisk er kommunane som har teke på seg.

Når alt dette er i orden, skal eg med glede oppmode andre å ta på seg fosterheimsoppdrag. Fosterheimsoppdraget kan vere givande i seg sjølv, slik arbeidet til ein lege eller ein forsvarsadvokat sikkert også er givande. Men den dagen ulukka eller sjukdomen råkar, den dagen arbeidsløya slår til, eller den dagen fosterbarnet, trass i kommunal plassering, avslører sine «krevende tilleggsutfordringer», er «løn i himmelen» litt for langt opp og fram.

Fosterforeldre fortener også å bli behandla skikkeleg.

Monika Haanes Waagan

Fostermor i Fagforbundet