Utskriftsvennlig versjon: Risikosport i fosterheimar

Risikosport i fosterheimar

Faksimile Dagbladet 12032011

- Å ta på seg eit kommunalt fosterheimsoppdrag er ein økonomisk og menneskeleg risikosport, skriv to fagorganiserte fosterforeldre i ein kronikk i Dagsavisen og i eit kort innlegg i Dagbladet.

Av Monika Haanes Waagan og Harald Berre

Vi er fosterforeldre og kan ikkje råde andre til å ta på seg kommunale fosterheimsoppdrag. Først må vilkåra bli like trygge for kommunale som for statlege fosterforeldre.

Å ta på seg eit fosterheimsoppdrag frå kommunen er eit risikoprosjekt der ein spelar høgt, med sin eigen familie som innsats. Tryggleiken for eiga helse, noverande og framtidig familieøkonomi, framtidig pensjonsinntekt og eventuelle uføreytingar, heng i ein tynn tråd. Om ulukka skulle vere ute, om oppdraget brått skulle bli avslutta eller endra, om sjukdom eller arbeidsløyse råkar, risikerer ein å stå på bar bakke; økonomisk, sosialt og menneskeleg.

Lover og reglar som er sjølvsagte elles i arbeidslivet gjeld ikkje i kommunane sine fosterheimar. Skilnadene mellom statlege og kommunale fosterheimar er store:

Arbeidsgodtgjering for ein kommunal fosterheim er kr 76.440,- per år. Om oppdraget er krevjande, kan oppdragsgivar avgjere om godtgjeringa til fosterheimen skal aukast (forsterking). Statlege familieheimar er sikra arbeidsgodtgjering på minimum kr 285.000,- per år. Men også godtgjering ut over dette kan avtalast.

Utgiftsdekning i ein kommunal fosterheim er mellom kr. 4.478,- og 6.611,- per månad. Naudsynte dokumenterte ekstrautgifter kan dekkast av oppdragsgivar. Statlege familieheimar får dekt utgiftene med kr 7.200 per månad. Dersom heimen har høgare faktiske utgifter skal beløpet justerast.

Fosterforeldre på kommunalt oppdrag har ikkje rett på tenestepensjon, yrkesskadeforsikring, sjukepengar frå 1. dag, stillingsvern, dagpengar, kurs/rettleiing, fri/feriestøtte  eller feriepengar. Alt dette er sjølsagt i statlege fosterheimar.

Mange fosterbarn har det statsråd Audun Lysbakken kallar «tilleggsutfordringar». Mange har teke skade, mange treng ekstraordinær oppfølging, hjelp og behandling. Det er ikkje slik at barn med krevjande tilleggsutfordringar automatisk kjem til statlege familieheimar. Til det finst for få familieheimar. Difor kjem det store fleirtalet, også av dei hardast råka barna, til heilt ordinære, kommunale fosterheimar.

Vi skulle gjerne oppmode andre å ta på seg fosterheimsoppdrag. Fosterheimsoppdraget er givande! Men den dagen ulukka eller sjukdomen råkar, den dagen arbeidsløya slår til, eller den dagen fosterbarnet, trass i kommunal plassering, avdekker «krevjande tilleggsutfordringar», er «løn i himmelen» litt for langt opp - og alt for langt fram.