Utskriftsvennlig versjon: Frå eit ope hav

Frå eit ope hav

Det var ei god kjensle, og vi følte oss klare for å møte dei utfordringane havet ville bringe. Vi visste at landstasjonen stolte på oss, difor stolte vi også på dei. Og dei hadde lova oss at alt ombord skulle vere i orden. Les reiseskildringa til ein fosterheim:

Vi kjende oss både stolte og glade fordi vi hadde fått tildelt dette vanskelege og ærefulle oppdraget. Vi skulle, på vegne av landstasjonen og heile samfunnet, føre ein viktig båt frå den eine sida av det store havet til den andre. Landstasjonen, som hadde det overordna ansvaret for oppdraget, snakka fint om oss. Dei stolte på oss, sa dei. Dei valde akkurat vår familie, fordi vi var båt-vande og trygge på havet. Vi var akkurat dei folka dei trengde.

Ein vakker solskinsdag møtte vi representantane for landstasjonen nede ved hamna. Dei gav oss ein båt, og vi underteikna på at vi ville utføre oppdraget med kjærleik, godt sjømannskap og mot. Dei følgde oss ut på piren og skubba oss høgtidleg frå land. Vi var på veg. Det brusa herleg i blodet, og vi såg kor dei vinka og smilte oppmuntrande til oss inne frå land.

Det var ei god kjensle, og vi følte oss klare for å møte dei utfordringane havet ville bringe. Vi visste at landstasjonen stolte på oss, difor stolte vi også på dei. Og dei hadde lova oss at alt ombord skulle vere i orden.

Vel ute på det opne havet oppdaga vi, at det var svært mykje som mangla ombord i båten. Ikkje var det kart ombord og ikkje kompass. Heldigvis hadde vi lært litt om å navigere etter sola og stjernene, men kva skulle vi gjere i overskya ver? Forvirra og engstelege byrja vi å undersøke båten grundigare, og vi oppdaga til vår store skrekk, at det var vatn og proviant berre til halve reisa.

Dette måtte vere ei misforståing. Vi kontakta landstasjonen vår på VHF. Lytteforholda var dårlege, men vi klarte å formidle at dei hadde gløymt å fylle opp båten før dei sende oss ut på havet. Ungane var spente, og rekna med at no kom det ein hurtiggåande rib etter oss med forsyningar, slik at vi kunne føle oss trygge resten av reisa.

Ungane hadde alt teke plass ved rekka for å speide mot land. Men både ungane og vi vart skuffa. Landstasjonen hadde ingen hurtiggåande båt å sende etter oss, og vi fekk berre beskjed om at vi burde klare å fiske maten vår sjølve og samle regnvatn på dekk. Vi hadde like mykje vatn og mat som andre som hadde utført liknande oppdrag tidlegare.

Etterkvart snudde skuffelsen vår seg til frustrasjon, og frustrasjonen vart til sinne. Vi byrja å krangle oss imellom. Vi skifta mellom ønsket om å snu, og ønsket om å reise vidare. Slik heldt vi på, til ungane trua med å symje til land på eiga hand.

På ein eller annan måte greidde vi å finne roa igjen. Vi hadde jo lova på tru å ære at vi skulle fullføre. Greit, tenkte vi, og retta ryggen. Dette skal vi klare. Hadde dei ikkje sagt sagt at vi passa perfekt til oppdraget, kanskje? Vi var då oppegåande og sjøvande folk. Vi hadde då båt, i det minste. Og fiskeutstyr. Det hadde vore mykje verre utan fiskeutstyr. Og vi hadde kvarandre. Så vi heldt fram.

Vi fiska på skift og sov nesten ikkje. Den eine av oss måtte heile tida følge med på sola eller stjernene, og båten skulle styrast, sjølv om vi heile tida var usikre på kursen. Det skulle samlast regnvatn og speidast etter skjer og grunner. Ikkje sjeldan måtte ungane ta i tunge tak og stå lange vakter. Dei fekk for lite kvile, og vart tynne og urolege. Dette gjorde oss svært triste.

Vi heldt fram med å kontakte landstasjonen for å høyre om dei hadde kome på andre tankar, men det kom ikkje noko ut av samtalane. Til slutt gav vi opp.

Det verste var nok kjensla av å bli overlatt til seg sjølv. Landstasjonen var ikkje lenger nokon vi kunne setje vår lit til. På ein underleg måte fekk dei oss dessutan til å føle dårleg samvit, fordi vi klaga på den fine båten deira.

Vi var ofte redde, særleg om natta. Av og til dukka det skremande uhyre opp frå djupet. Dei slo med dei enorme sporane sine, brølte og glefsa med grufulle kjeftar, og trua med å velte båten vår, eller å dra oss under. Vi tviheldt på styret og prøvde å halde kursen rett. Ein av oss vaksne måte alltid vere under dekk slike netter, for å skjerme ungane for dei stygge dyra. Det var ofte einsamt for den som var åleine ute på dekk.

Nokre dagar var livet ombord mykje lettare. Vi song ofte når sola skein. Vi tromma på tomme ferskvannsdunkar og dansa på dekket. Og vi dansa og ropte etter skyer, når vi ville ha regn og var tørste. Kvar gong vi drog ein fisk opp frå havet stod jubelen mot himmelen, og vi visste at vi kunne ete godt nokre dagar til.

Då vi hadde reist over det opne havet i mange månader, kom vi ut for ein frykteleg storm. Vi kommanderte alle under dekk, og leita fram overlevingsdraktene. Men då vi skulle dele ut draktene mangla det ei. Sjølvsagt gav vi drakter til ungane. Det skulle berre mangle. Vi vaksne såg alvorleg på kvarandre. Ingen av oss orka å ta på seg den siste drakta. Vi avtalte at om vi havna i sjøen, skulle vi skulle halde oss tett samla og dele på oppdrifta frå det siste flyteplagget.

Lyn flerra lufta og bølgene tårna seg over den vesle båten vår. Vi ropte ut i natta. No måtte dei vel kome og hjelpe oss!

-MAYDAY MAYDAY! Eg skal aldri gløyme svaret som kom.

-Vi kan ikkje hjelpe dykk! De får prøve å halde dykk flytande. Til hjelpa kjem. Over.

-Kva slags hjelp? Over.

-(stille)

-Eg gjentek. Kva slags hjelp?!!! Over.

-Kanskje det kjem ein båt forbi? Over.

-Ingen andre er ute på havet i denne stormen! Vi er heilt åleine! Natta er svart og bøgene er høge som hus! Over.

-Har de nokon andre i familien som har båt, kanskje?

Så vart sambandet med landstasjonen brote.

Vi sette ut redningsflåten, då båten gjekk tom for drivstoff. Vi krabba ombord, ungane med drakter og vi vaksne med den siste drakta knytt mellom oss. Vi flaut omkring i mange dagar og mange netter . Mange, mange gongar trudde vi at no var det slutt. Men vi slutta heldigvis aldri med å sende ut nødmeldingar, og endeleg var det nokon som tok inn signala frå radioen vår.

Brått var det eit stort skip ved sida vår. Skipet retta lyskastarane sine mot den vesle flåten vår. Vi stavra oss opp på kne. Vi vart heiste ombord. Blide og hjelpsame folk stod ved rekka og tok imot oss. Vi såg straks at dette var eit skip fullt av mange dyktige menneske. Dei gav oss tepper og varm drikke og slepa båten vår inn til ei øy.

Dei neste dagane kontakta hjelparane våre landstasjonen for oss. Dei hjalp oss slik at vi fekk pengar til å fylle opp båten vår igjen, med nok proviant, nok ferskvatn, redningsutstyr til alle, og ikkje minst kart og kompass. Til slutt var vi klare til å reise vidare åleine, og hjelparane kom om bord ein siste gong for å ta farvel. Den eine av dei klistra eit lite merke på lugardøra vår. FAGFORBUNDET stod det på merket. Hjelparen helste til lua og ynskte oss god tur vidare.

-Og om det er noko, sa han, før han gjekk, så er det berre å kontakte oss.

Ja, så drog vi vidare, då. Vi er ikkje framme enda, og framleis kjem vi ut for stormar. Framleis møter vi sjøuhyre om natta. Men med navigasjonstyret på plass og redningsutstyr til alle, så kjenner vi oss trygge. Vi har ikkje slutta å fiske, for vi elskar fersk, sjølvfanga fisk, men det er godt å vite at under dekk har vi proviant nok om det skulle knipe. Det beste av alt er, at vi ikkje lenger kjenner oss einsame. Vi veit at det er fleire som oss her ute på havet. Vi veit at det finst eit skip der, med sterke lyskastarar og dyktig mannskap. Som heile tida lyttar og som ynskjer å hjelpe oss og bidra til at reisa vår blir trygg.

Monika Haanes Waagan